Chicago, november 1941. Eg-personen sit på ein deli og ventar på avismannen J.J. Rodale. Samtidig tenker han på kva som eigentleg hende den dagen i 1924 då heimbygda hans Årdal fekk to kaffisortar i omløp. Kom verda til Årdal eller var det tvert om, at Årdal kom til verda? Hovudpersonen slit med å passe inn i alle dei skrivne og uskrivne reglane i bygda Årdal, han slit med varmgong i tankegangen sin, og det gjer kan hende også bygdefolket. Dette er forfatterens debutroman. Solskinsbussen er ein frittståande oppfølgjar til Krinsereglane.
Frakt og levering
Rask og pålitelig levering
Fri frakt over 788 kr





